Regjeringa har varsla at forslag til ny abortlov kan bli behandla før sommaren. Vi meiner at lovendring om utvida abortgrense ikkje bør hastebehandlast. Det har kome inn over 1.000 høyringssvar på abortutvalets rapport. Mange har viktige moment som fortener å bli tatt på alvor.

Fleirtalet i abortutvalet vil utvide grensa for sjølvbestemt abort til utgangen av 18. svangerskapsveke. Eit mindretal på to vil halde på dagens grense på 12 veker, medan eit medlem vil flytte grensa heilt til utgangen av 22. svangerskapsveke. Det er urovekkande, sidan barn fødde i veke 21 og 22 kan overleve.

Ingen av dei som søkte om abort mellom veke 12 og 18 i 2022 fekk avslag i abortnemnd. Det kan dermed argumenterast med at utviding til veke 18 er udramatisk, og at lovendring berre er ei tilpassing til dagens praksis. Så enkelt er det ikkje. Lover har normativ effekt i den forstand at dei påverkar haldningar, og flytter grenser.

Kvinner som søker abort er ikkje ei einsarta gruppe. For nokon er møtet med abortnemnda ei belastning, for andre er det ei stor og viktig støtte. For nokon er avgjerda enkel, for andre svært vanskeleg. Mange kvinner opplever press frå barnefaren eller andre rundt seg til å avslutte svangerskapet. For desse kvinnene vil utviding av grensa til veke 18 bety ei ekstra belastning.

Dette er eit poeng som fleire trekkjer fram i høyringssvaret til abortutvalet sin rapport, og som det er verdt å merke seg.

Jordmorforbundet NSF skriv at kvinner som står åleine og ønsker å behalde barnet, vil oppleve abortpress i endå fleire veker enn no med utvida abortgrense til veke 18. Det er svært uheldig.

Abortnemnd er eit belastande ord, der ein kan sjå for seg menn i maktposisjonar som audmjukar kvinner. Slik skal det sjølvsagt ikkje vere. Både samansetjing og funksjonen til dette utvalet må vurderast nøye, men ved å fjerne heile ordninga, fjernar ein også ein viktig funksjon for kvinner som manglar anna støtte. Dei er ikkje godt nok tatt vare på i fleirtalsforslaget til ny lov.

Ei avhandling basert på intervju med 80 kvinner som har tatt abort, viste at mange av dei var betydeleg prega i fleire år etter inngrepet. Mange sleit med angst. Etter veke 12 vil aborten bli meir som ein fødsel, med dei fysiske og mentale påkjenningane som det kan medføre. Dette er det viktig å vere klar over, slik at abort ikkje blir sett på som eit alternativ til prevensjon.

Abortutvalet peikar i rapporten på at det er stor mangel på forsking om konsekvensane av abort. Mangelen på faktabasert kunnskap, er endå ein grunn til at politikarane ikkje bør forhaste seg. Vi gir vår støtte til mindretalet i utvalet som vil behalde dagens grense.

For desse kvinnene vil utviding av grensa til veke 18 bety ei ekstra belastning